Møster!

Møster! at Bergen Jazzforum

Å gå på konsert med Møster! kan minne litt om ekstremsport; det innvolverer adrenalin, det går stort sett bra, men ein viss risiko er der. No skal ikkje eg skryte av å ha vore på allverdens mange Møster!-konsertar, men eg har sett Møster i diverse konstellasjonar, og på årets Vossa Jazz såg eg kanskje 20 minutt av konserten der. Konserten på Bergen Jazzforum i går var sleppfest for plata Inner Earth, og det var kanskje ikkje heilt uventa at dei via mesteparten av konserten til denne.

Åpningslåten Descending into this crater åpner nokså roleg, der det verkar som om bandet i fyrste omgang sonderer terrenget. Til tider verker det som om dei går litt vill og ikkje heilt veit kvar dei er og kva dei vil. Men dei finn ut av det, dei finn i alle fall kvarandre i det musikalske landskapet, og etterkvart lyfter liksom musikken seg frå terrenget som ein sandstorm i ørkenen. Som sandstormen er det kaotisk og brutalt, men ein sandstorm kan visst vera vakker på avstand, og det er òg musikken.

Eit stykke ut i andrelåten Tearatorn verker det som Snah og Kapstad (kompisar frå Motorpsycho) krangler om rytmen i musikken; Snah herjer i veg på noko som minner om ein ukjent Deep Purple-låt frå syttitalet mens Kapstad, ja, det er ikkje alltid greit å vite kva han driv med, men det er i alle fall noko anna. Eilertsen på bass speler frenetisk for å halde tritt med begge. Møster sjølv reagerer på det heile med å ta luren ut av kjeften og sette seg ned. Det er som om resten av bandet har heime-aleine-fest mens Møster kviler, og som slike festar flest er det moro, men det går vel ikkje akkurat bra. Men på reint magisk vis får dei orden på sakene før far er tilbake, Kapstad lar den hersens hi-hat’en kvile ei stund og Møster trer inn att i musikken til eit øyredøvande cresendo.

Etter å ha avslutta med ein drivande Underworld Risk, vert dei klappa tilbake for å spele det Møster kallar hit’en frå forrige plate, låten Ransom Bird. Det er noko med denne låten som, særleg i går kanskje, minner meg om åpningssporet på The Shape of Jazz to Come av Ornette Coleman. Møster sjølv har vel sagt at Coltrane har vore viktig for han, men eg vil tru han òg har vore innom Coleman.

Tidlegare var Storløkken ein del av Møster!, men vart i fjor erstatta av Snah. I eit intervju sa Møster at med Snah i bandet vart det heile meir prog. Det vesle eg såg på Voss før i år og det eg har høyrt på den forrige plata har definetivt vore veldig prog, men i går kveld synes eg Snah var mindre dominerande og uttrykket bar mindre preg av prog’en. Konserten i går var likevel ein fartsfyllt og adrenaline-aktiv affære, litt som ekstremsport. Veldig bra, men ikkje utan risiko.

Advertisements

Tags: ,


%d bloggers like this: